Nyt koloniane

Foto: CIF Action/Flickr

«…fordi folk i koloniene, hvis de blir fristet med ett fritt marked for alle sine råvarer i hele Europa, vil gjøre alt de kan for å produsere slike råvarer for å tilfredsstille den store etterspørselen en slik frihandel ville skape, vil deres tanker komme helt bort fra ideen om å industrialisere, som er det eneste punkt der våre egne interesser er i konflikt med kolonienes» (Mathew Decker. 1744. Causes of the Decline of the Foreign Trade. I: Reinert 2004:144). 

Nyt Afrika-kampanjen til Kirkens Nødhjelp, Fellesrådet for Afrika og Framtiden i Våre Hender har fått stor dekning i norske medier dei siste månadane. NGO-nettverket meiner Noreg bør bistå den globale fattigdomsreduksjonen og dei globale klimautfordringane ved å importere matvarer frå afrikanske utviklingsland. Afrikanske matprodusentar vil få ein langt høgare pris for matvarene sine på den internasjonale marknaden enn dei får lokalt. Vegen ut av fattigdom er lønnsarbeid og ved å eksportere varene sine til land som Noreg vil derfor dei fattige i Afrika kunne kjøpe seg ut av fattigdom.

Ifølgje kampanjen er det også pengar som skal til for at dei som svelt skal få seg mat.

Ifølgje kampanjen er det også pengar som skal til for at dei som svelt skal få seg mat. For som det vert understreka så er det nok mat i verda til alle, problemet er bare at fattige ikkje har tilgang på maten då dei ikkje har kjøpekraft. [1]

Til trass for at fattige land har tollfridom på eksport av varer til Noreg (Nulltoll-ordninga), importerar me svært lite varer frå Afrika. [2] I følgje Nyt Afrika skuldast dette norske produksjonssubsidier – støtta staten gjev til norske bønder for produksjon av mat.[3] Afrikanske eksportørar kan ikkje konkurrere med norsk subsidiert mat. Noreg må altså ifølgje NGO-nettverket slutte å subsidiere eigen matproduksjon fordi det vil resultere i meir import av afrikanske matvarer. Afrikansk landbruk vert også presentert som meir klimavenleg enn vårt eige, og derfor vil me redde både klimaet og verdas fattige ved å importere afrikansk mat i staden for å støtte opp om eige landbruk.

Kan me verkeleg redde verdas fattige og dei globale klimautfordringane ved å bytte ut norsk mat med afrikansk?

Ei relativ enkel løysing på store og kompliserte problem? Kan me verkeleg redde verdas fattige og dei globale klimautfordringane ved å bytte ut norsk mat med afrikansk? Nei, meiner norske fagforbund, solidaritetsorganisasjonar, bondeorganisasjonar og naturvernsorganisasjonar samla i Handelskampanjen. Her presenterast fem grunnar til at Nyt Afrika er banal og naiv og fem alternativ .

Kirkens Nødhjelp slår eit slag for storkapitalen

For det fyrste er storkapitalen som deltek i den internasjonale frihandelen, ikkje dei fattige småbøndene som Nyt Afrika ynskjer å hjelpe. Matvarene frå utviklingsland kjem i hovudsak frå plantasjedrift, ei produksjonsform som har vidareført koloniale forhold mellom enkelte store jordeigarar og jordlause arbeidarar. Transnasjonale storselskap dominerar varehandelen mellom land og regionar og det føregår ei sterk konserndanning der storselskapa kjøper opp stadig fleire ledd i matvarekjeda – frå produksjon til butikk.

Transnasjonale konsern kjøper opp stadig meir av det eksportretta jordbruket frå lokale godseigarar i utviklingsland

Transnasjonale konsern kjøper opp stadig meir av det eksportretta jordbruket frå lokale godseigarar i utviklingsland, slik tilfellet er i Brasil og Uruguay – to av verdas største matvareeksportørar. Frihandelsavtaler har derfor også alltid vore eit ynskje frå storselskapa, medan småbønder rundt om i heile verda har kjempa imot slike avtaler. [4]

Nyttige idiotar

Sidan det er agroindustrien og dei store transnasjonale selskapa som dominerar det eksportretta jordbruket så øydelegg den eksportretta jordbruksmodellen ofte grunnlaget for småbønder. Jordkonsentrasjon er eit utbredt problem i mange utviklingsland. I land med svært lite industri er det nettopp jorda som definerar klassestrukturen. Jordlause og småbønder utgjer underklassa, arbeidarane på plantasjane utgjer arbeidarklassa og godseigarane – dei store jordeigarane er overklassa.

Dess meir lukrativt det er å produsere jordbruksvarer, dess meir jord vil overklassa eige.

Dess meir lukrativt det er å produsere jordbruksvarer, dess meir jord vil overklassa eige. Den eksportretta modellen har derfor mange stader resultert i ein stadig sterkare jordkonsentrasjon. Dei store jordeigarane kjøper opp jord av småbønder og nyttar seg av valdlege midlar for å tvinge folk vekk frå jorda si. Denne historia burde Kirkens Nødhjelp kjenne godt til då dei over fleire tiår har samarbeida med organisasjonar som kjempar mot nettopp den eksportretta jordbruksmodellen. Slik som De Jordløses Bevegelse i Brasil som i lang tid har kjempa mot den eksportretta modellen som fører til at stadig meir jord tilfell transnasjonale selskap for eksport av soya, eukalyptus og sukker.

Mindre jord og færre småbønder betyr også mindre matproduksjon for lokal marknad.

At stadig meir jord brukas til produksjon for eksport utgjer også mange stader ein trussel mot den lokale mattryggleiken. I det globale sør er det småbøndene som produserar mat for lokal befolkning. Mindre jord og færre småbønder betyr også mindre matproduksjon for lokal marknad. Det er verdt å merke seg at mange av dei landa som er netto eksportørar av jordbruksvarer også er land som slit med svolt. [5]

At det eksportretta jordbruket er dominert av lokal overklasse eller transnasjonal kapital for så vere ifølgje Nyt Afrika

At småbøndene mister livsgrunnlaget sitt er utriveleg, men greitt skal ein tru leiar av FIVH Arild Hermstad. For ingen vil vel eigentleg vere sjølvforsynte bønder.[6] Folk vil heller ha ei lønn som dei kan kjøpe seg mat for enn å dyrke maten sjølv. At det eksportretta jordbruket er dominert av lokal overklasse eller transnasjonal kapital for så vere ifølgje Nyt Afrika, for fattigfolket får lønnsarbeid på plantasjane. Problemet med denne teorien er at forholda på plantasjane er ekstremt dårlege.[7] Mange stader kan ein vanskeleg kalle plantasjearbeidarane for lønnsarbeidarar – då dei lever i slaveaktige forhold.

Kolonialisme

Ingen land har utvikla seg på grunnlag av å eksportere jordbruksvarer.[8] Derfor er heile Nyt Afrika kampanjen ei avsporing i ein elles veldig viktig debatt. Sidan kolonitida har dei sørlege landa produsert jordbruksvarer og bytt desse mot vidareforedla varer frå rike land i Nord. Pengeverdien av varene aukar med graden av vidareforedling og derfor er dette ein veldig uheldig byttehandel for utviklingslanda. Handelsunderskotet var i mange tilfelle årsaka til at utviklingsland såg seg nøydt til å ta opp lån frå dei internasjonale finansinstitusjonane, og er slik også bakgrunnen for dei omfattande nyliberale reformene som vart introdusert i utviklingsland etter utviklingsland, også kjend som strukturtilpassingsprogram. Er det noko historia viser oss så er det viktigheita av økonomisk transformasjon.

Industrialisering og utvikling av tenestesektor står derfor høgt på agendaen til afrikanske statsleiarar.

Industrialisering og utvikling av tenestesektor står derfor høgt på agendaen til afrikanske statsleiarar. I tillegg til handelsbalanse så betyr også ei slik økonomisk utvikling fleire og mangfaldige arbeidsplassar. Kva skal afrikansk ungdom med høgare utdanning om dei uansett skal produsere jordbruksvarer for eksport til Europa? Kirkens Nødhjelp, Fellesrådet for Afrika og Framtiden i Våre Hender anerkjenner at handelsubalansen er eit problem, men dei ser ikkje at deira fokus på handel med jordbruksvarer i praksis verkar kolonialt. Mantraet under kolonitida var at det var viktig at koloniane holdt fokus på eksport av jordbruksvarer slik at dei ikkje skulle finne på å produsere vidareforedla varer som til sjuande og sist ville gjere koloniane økonomisk uavhengige av sine herrar.

Liberalistar

Kampanjer mot norsk landbruk er ikkje akkurat nyhende. Høgrekreftene og handelsstanden har lenge kjempa for å kutte produksjonsstøtta til det ineffektive norske landbruket og senke tollsatsane for å sleppe til billigare varer frå EU.[9] NGO-nettverket bak Nyt Afrika seier dei ynskjer eit miljøvenleg norsk landbruk og at me skal erstatte produksjonssubidier (gul boks) med såkalla dekobla subsidier (grøn boks). [10] Norske bønder skal ikkje få støtte for å produsere mat, men for å halde kulturlandsskap i hevd og liknande.

Utan produksjonsstøtte har ikkje norsk landbruk sjans til å konkurrere med høgt subsidiert europeisk landbruk som i stor grad baserar seg på lågt lønna illegal arbeidskraft.

Utan produksjonsstøtte har ikkje norsk landbruk sjans til å konkurrere med høgt subsidiert europeisk landbruk som i stor grad baserar seg på lågt lønna illegal arbeidskraft. Grunna manglande kontekstforståing og manglande maktanalyse vil Nyt Afrika fyrst og fremst resultere i meir matimport frå EU.

Slår inn opne dører

Det er ein stor forskjell på å subsidiere mat til eige forbruk og å subsidiere mat for eksport. Det er sistnemnte som resulterar i dumping. Alle land må ha rett til å produsere mat til eigen befolkning, med befolkningsvekst og klimaendringar[11] har også alle land ein plikt til å produsere mat til eigen befolkning. Å produsere for eksport er ei heilt anna sak. Eksportsubsidier verkar konkurransevridande og spesielt uheldig for eksportørar i utviklingsland som ikkje mottar subsidier. Derfor har ein einast i Verdas Handelsorganisasjon om å kutte eksportsubsidier innan 2013. Produksjonsstøtte som i utgangspunktet er tiltenkt nasjonal marknad kan imidlertid også verke som indirekte eksportsubsidier i det varene kryssar landegrensene.

Noreg eksporterar i dag lite matvarer, i hovudsak Jarlsbergost til USA.

Noreg eksporterar i dag lite matvarer, i hovudsak Jarlsbergost til USA.[12] Sjølv om denne eksporten neppe kan seiast å vere i konflikt med eksportørar i utviklingsland, så bør Noreg gå føre med eit godt eksempel å ileggje avgift på varer som går ut av landet. Ei avgift som tilsvarar summen mjølka i osten var subsidiert med i utgangspunktet.[13] Det er fult mogleg å sørgje for at Noreg ikkje deltek i den konkurransevridande internasjonale matvarehandelen utan å kutte støtte til eigen matproduksjon.

Målretta handel med kooperativ

Einkvar som har reist litt rundt i verda og snakka med lokalbefolkning rundt eller arbeidarane på eksportplantasjane[14] vert noko skeptisk til samanhengen mellom fattigdomsreduksjon og eksportretta jordbruksmodell. At kapitalistar – lokale eller utanlandske – vert endå rikare, har svært lite med omfordeling å gjere. Dei internasjonale matvarekjedene er dominert av transnasjonale selskap og agroindustri og det er tilnærma umogleg for småprodusentar og ideelle kooperativ å delta i den internasjonale frihandelen.

Det er relativt naivt å tenkje at ein kan redde verdas fattige med internasjonal handel.

Det er relativt naivt å tenkje at ein kan redde verdas fattige med internasjonal handel. I staden for å inngå stadig fleire frihandelsavtaler ilag med EFTA bør Noreg inngå avtaler med kooperativ i utviklingsland.

Vri import frå EU til utviklingsland

Noreg importerar i dag om lag halvparten av den maten me et, det vil sei at me importerar matvarer for ein relativ stor verdi. Mesteparten av importen kjem frå produsentar i EU.[15] I staden for å importere dansk sukker kunne me ha importert sukker produsert av kooperativ i Brasil, i staden for å importere kaffi frå Nederland, kunne me ha importert direkte frå kooperativ i Ghana.

Det kan vere meir fruktbart å setje EU opp mot Afrika, enn norske bønder opp mot afrikanske.

Det kan vere meir fruktbart å setje EU opp mot Afrika, enn norske bønder opp mot afrikanske. Auka import frå Afrika vil berre vere mogleg dersom EØS avtala vert reforhandla.[16] Handelspreferansar er relative, det hjelper ikkje afrikanske kooperativ at me gjev storprodusentane i EU gode preferansar. Noreg bør heller vurdere å innføre straffetoll på subsidierte varer frå EU slik at andre eksportørar har moglegheit til å konkurrere på den norske import marknaden. [17]

Matsuverenitet

Småbønder og plantasjearbeidarar i utviklingsland samla i den imponerande nettverksorganisasjonen Via Campesina kjempar for matsuverenitet. Matsuverenitet betyr at kvart land har rett og plikt til å produsere mat for eigen befolkning for å sikre retten til mat og kulturelle rettar. Å basere matmarknaden på import er ein risikosport noko matvarekrisa i 2008 viste. Matsuverenitet er derfor å forstå som det motsette av frihandel med matvarer. Konseptet er globalt og gjeld Noreg så vel som Uganda.

Småbøndene har ingen rolle i den eksportretta agroindustrien

Matsuverenitet styrkar også småbønder si rolle. Småbøndene har ingen rolle i den eksportretta agroindustrien, men dei har ei stor rolle å spele i å sikre mat til lokale og nasjonale matmarknadar. I land der småbøndene og dei jordlause arbeidarane har kome til makta har dei derfor også implementert matsuverenitet i den nasjonale planen for utvikling. I Nicaragua har dei lovfest matsuverenitet og har så langt lukkast i å bli meir sjølvforsynte.

Handelsbalanse

Dersom Noreg vil bruke handel som eit utviklingspolitisk verktøy  så må me fokusere på import av industrivarer, vidareforedla matvarer og tenester. Handelsstatistikken mellom Noreg og utviklingsland viser eit kolonialt handelsmønster; me importerar jordbruksvarer og eksporterar industrivarer.  [18]

Støtte organisasjonar som kjempar for omfordeling

Som Nyt Afrika påpeikar så produserast det nok mat i verda. Utfordringa i dag er at maten er skeivt fordelt, og paradoksalt nok er det bøndene som slit med underernæring. Lokale grasrotorganisasjonar veit best kva som trengs for omfordeling . Noreg bør støtte opp om lokale rørsler som kjempar for omfordeling.

For i bidra med betre fordeling av matvarer bør Noreg støtte opp om kooperative krefter og forsøk på å etablere nye kooperativ.

For i bidra med betre fordeling av matvarer bør Noreg støtte opp om kooperative krefter og forsøk på å etablere nye kooperativ. Infrastruktur som lagerbygningar er ofte ei kampsak for bondeorganisasjonar i utviklingsland, her kan Noreg bistå gjennom bistandsbudsjettet. Skal matproduksjon og internasjonal handel fungere som ein veg ut av fattigdom så må internasjonale råvareprisar aukast og haldast meir stabile. Det viktigaste bidraget Noreg kan gje verdas fattige er derfor kanskje å stå i spissen for etablering av nye råvareavtaler.

 


[1] Nyt Afrika kampanjen. 2012. Kan Afrika bli verdens matkurv? Tilgjengelig på: http://issuu.com/nytafrika/docs/kan_afrika_bli_verdens_matkurv_?mode=window&backgroundColor=%23222222 15.11.12

[2] NOU 2008:14. Samstemt for utvikling. Tilgjengeleg på: www.regjeringen.no/nb/dep/ud/dok/nou-er/2008/nou-2008-14/6.html?id=525850 15.11.12

[3] NOU 2008:14. Samstemt for utvikling. Tilgjengeleg på: www.regjeringen.no/nb/dep/ud/dok/nou-er/2008/nou-2008-14/6.html?id=525850 15.11.12

[4] Den internasjonale småbondeorganisasjonen Via Campesina om frihandel: www.viacampesina.org/en/index.php/actions-and-events-mainmenu-26/10-years-of-wto-is-enough-mainmenu-35 15.11.12

[5] Smedshaug, C.A. 2012. Kan jordbruket fø verden? Universitetsforlaget.

[6] Seminaret Cowboy og indianer, Globaliseringskonferansen 2012.

[7] Sjå til domes:  FAO. 2009. Labour, environment and health in Ecuadorian banana production. Tilgjengeleg på: www.fao.org/fileadmin/templates/banana/documents/IFA_Labour__Environment___Health_in_Ecuador_Nov_09.pdf 15.11.12

[8] Reinert, E. 2008. How rich countries got rich and why poor countries stay poor. Constable & Robinson Ltd. EU.

[9] Lie, S.A & E. Løkeland-Stai. 2012. En nasjon av kjøtthuer. Manifest Forlag.

[10] Nyt Afrika kampanjen. 2012. Kan Afrika bli verdens matkurv? Tilgjengeleg på: http://issuu.com/nytafrika/docs/kan_afrika_bli_verdens_matkurv_?mode=window&backgroundColor=%23222222 15.11.12

[11] Smedshaug, C.A. 2012. Kan jordbruket fø verden? Universitetsforlaget.

[12] Smedshaug, C.A. 2012. Kan jordbruket fø verden? Universitetsforlaget.

[13] Handelskampanjen. 2012. Refusert. Tilgjengeleg på: www.handelskampanjen.no/files/documents/Refusert.pdf 15.11.12

[14] Sjå til dømes intervju med streikande sukkerplantasjearbeidarar i Frihet for hvem? Frihandelsavtelen mellom Colombia og EFTA. Tilgjengeleg på: www.handelskampanjen.no/files/documents/Refusert.pdf 15.11.12

[15] Smedshaug, C.A. 2012. Kan jordbruket fø verden? Universitetsforlaget.

[16]  Handelskampanjen. 2012. Refusert. Tilgjengeleg på: www.handelskampanjen.no/files/documents/Refusert.pdf 15.11.12

[17] Handelskampanjen. 2012. Refusert. Tilgjengeleg på: www.handelskampanjen.no/files/documents/Refusert.pdf 15.11.12

[18] Sjå til dømes statistikksidene på efta.org